8 Herre, gje forsoning til Israel, folket ditt, som du har fria ut! Lat ikkje skuldlaust blod hefta ved Israel, folket ditt!» Då får dei soning for blodskulda.
9 Slik tek du det uskuldige blodet bort frå deg når du gjer det som rett er i Herrens auge.
10 Det kan henda at du dreg i krig mot fiendane dine og Herren din Gud gjev dei over i dine hender så du tek nokon av dei til fange.
11 Mellom fangane ser du ei vakker kvinne som du trår etter og vil gifta deg med.
12 Då skal du føra henne inn i huset ditt. Ho skal barbera hovudet og klippa neglene
13 og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og gråta over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne. Du skal vera mannen hennar, og ho skal vera kona di.
14 Men dersom du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må aldri selja henne for pengar eller fara åt med henne som ein slave, sidan du har fått viljen din med henne.