1 Om du ser at oksen eller sauen til landsmannen din har gått seg bort, skal du ikkje snu ryggen til, men føra dyret tilbake til landsmannen din.
2 Dersom han ikkje bur i grannelaget eller du ikkje veit kven han er, skal du ta dyret heim til deg og ha det hos deg til landsmannen din kjem og spør etter det. Då skal du la han få att dyret.
3 Det same skal du gjera med eselet hans, og det same skal du gjera med kleda hans, og det same skal du gjera med kva det så måtte vera som landsmannen din har mista, og som du finn. Du skal ikkje snu ryggen til.
4 Om du ser at eselet eller oksen til landsmannen din fell over ende på vegen, skal du ikkje snu ryggen til, men hjelpa han med å reisa opp dyret.
5 Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje kle seg i kvinneklede. For Herren din Gud avskyr alle som gjer slikt.
6 Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta mora saman med ungane.