10 Du skal ikkje pløya med okse og esel saman.
11 Du skal ikkje gå i klede som er vovne av blanda tråd, ull og lin saman.
12 Du skal laga deg duskar i dei fire hjørna på kappa som du har om deg.
13 Det kan henda at ein mann gifter seg med ei kvinne og går inn til henne, men så får uvilje mot henne.
14 Han kjem med skuldingar og set ut vonde rykte om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom nær henne, fann eg at ho ikkje var jomfru.»
15 Då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var jomfru, og ha det med til dei eldste i byporten.
16 Og far til jenta skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.