13 Det kan henda at ein mann gifter seg med ei kvinne og går inn til henne, men så får uvilje mot henne.
14 Han kjem med skuldingar og set ut vonde rykte om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom nær henne, fann eg at ho ikkje var jomfru.»
15 Då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var jomfru, og ha det med til dei eldste i byporten.
16 Og far til jenta skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.
17 Og no kjem han med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at ho var jomfru. Men her er jomfruteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen.
18 Då skal dei eldste i byen gripa mannen. Dei skal straffa han
19 og dømma han til ei bot på hundre sjekel sølv og gje dei til far til jenta fordi mannen har sett ut eit vondt rykte om ei jomfru i Israel. Ho skal vera kona hans, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.