5. Mosebok
Kapitler 22:2-8
Bibelen 2011 Nynorsk
2Dersom han ikkje bur i grannelaget eller du ikkje veit kven han er, skal du ta dyret heim til deg og ha det hos deg til landsmannen din kjem og spør etter det. Då skal du la han få att dyret.
3Det same skal du gjera med eselet hans, og det same skal du gjera med kleda hans, og det same skal du gjera med kva det så måtte vera som landsmannen din har mista, og som du finn. Du skal ikkje snu ryggen til.
4 Om du ser at eselet eller oksen til landsmannen din fell over ende på vegen, skal du ikkje snu ryggen til, men hjelpa han med å reisa opp dyret.
5Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje kle seg i kvinneklede. For Herren din Gud avskyr alle som gjer slikt.
6Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta mora saman med ungane.
7Lat mora flyga sin veg, men ungane kan du ta. Då vil det gå deg vel, og du skal få leva lenge.
8Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk på taket, så du ikkje fører blodskuld over huset om nokon fell ned frå det.