24 då skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte ein annan manns kvinne. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
25 Men er det ute på marka at ein mann treffer ei jente som er lova bort, og tek henne med makt og ligg med henne, då skal berre mannen som låg med henne, døy.
26 Jenta skal du ikkje gjera noko; ho har ikkje gjort noka dødssynd. For dette er ei sak som liknar den at ein mann går på ein annan mann og slår han i hel.
27 For han fann henne ute på marka. Jenta skreik, men det var ingen som hjelpte henne.
28 Om ein mann treffer ei jente som er jomfru og ikkje er lova bort, og han tvingar seg til å liggja med henne, og dei blir oppdaga,
29 då skal mannen som låg med jenta, betala far hennar femti sjekel sølv. Ho skal vera kona hans fordi han krenkte henne, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.
30 Ingen må ta kona til far sin til ekte; han må ikkje ta kappefliken til far sin bort frå henne.