27 For han fann henne ute på marka. Jenta skreik, men det var ingen som hjelpte henne.
28 Om ein mann treffer ei jente som er jomfru og ikkje er lova bort, og han tvingar seg til å liggja med henne, og dei blir oppdaga,
29 då skal mannen som låg med jenta, betala far hennar femti sjekel sølv. Ho skal vera kona hans fordi han krenkte henne, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.
30 Ingen må ta kona til far sin til ekte; han må ikkje ta kappefliken til far sin bort frå henne.