3 Det same skal du gjera med eselet hans, og det same skal du gjera med kleda hans, og det same skal du gjera med kva det så måtte vera som landsmannen din har mista, og som du finn. Du skal ikkje snu ryggen til.
4 Om du ser at eselet eller oksen til landsmannen din fell over ende på vegen, skal du ikkje snu ryggen til, men hjelpa han med å reisa opp dyret.
5 Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje kle seg i kvinneklede. For Herren din Gud avskyr alle som gjer slikt.
6 Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta mora saman med ungane.
7 Lat mora flyga sin veg, men ungane kan du ta. Då vil det gå deg vel, og du skal få leva lenge.
8 Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk på taket, så du ikkje fører blodskuld over huset om nokon fell ned frå det.
9 Du skal ikkje så noko mellom vinstokkane dine. Elles vil alt gå til heilagdomen, både avlinga av det du har sådd, og frukta frå vingarden.