10 Om ein av dykk er urein etter sæduttømming om natta, skal han gå ut av leiren og ikkje koma inn att
11 før det lid til kvelds. Då skal han vaska seg, og når sola går ned, kan han koma inn i leiren.
12 Du skal ha ein bestemt stad utanfor leiren som du kan gå til.
13 Mellom reiskapane dine skal du ha ein spiss stokk. Med den skal du grava ei grop når du set deg der ute, og dekkja til avføringa etterpå.
14 For Herren din Gud går omkring i leiren for å berga deg og overgje fiendane til deg. Difor skal leiren vera heilag. Han må ikkje sjå noko usømeleg hos deg, for då vender han seg bort frå deg.
15 Du skal ikkje utlevera ein slave til herren hans når han har rømt frå herren sin og søkt tilflukt hos deg.
16 Lat han få bli hos deg og slå seg ned der han vil blant byane dine, der han likar seg best. Du skal ikkje oppføra deg dårleg mot han.