5. Mosebok
Kapitler 23:2-8
Bibelen 2011 Nynorsk
2 Ingen som er fødd i forbode ekteskap, skal få vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane hans i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling.
3 Ingen ammonitt eller moabitt får vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane deira i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling. Slik skal det vera for all framtid.
4 For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i aramearlandet mellom elvane, til å forbanna deg.
5Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Herren din Gud vende forbanninga til velsigning for deg fordi han elska deg.
6Aldri skal du, så lenge du lever, gjera noko for å fremja deira fred og velferd.
7 Men edomitten skal du ikkje halda for avskyeleg, for han er bror din. Du skal heller ikkje avsky egyptaren, for du har vore innflyttar i landet hans.
8Etterkomarane deira i tredje ledd kan få vera med i Herrens forsamling.