4 For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i aramearlandet mellom elvane, til å forbanna deg.
5 Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Herren din Gud vende forbanninga til velsigning for deg fordi han elska deg.
6 Aldri skal du, så lenge du lever, gjera noko for å fremja deira fred og velferd.
7 Men edomitten skal du ikkje halda for avskyeleg, for han er bror din. Du skal heller ikkje avsky egyptaren, for du har vore innflyttar i landet hans.
8 Etterkomarane deira i tredje ledd kan få vera med i Herrens forsamling.
9 Når du dreg ut i felt mot fiendane dine, skal du akta deg for alt ureint.
10 Om ein av dykk er urein etter sæduttømming om natta, skal han gå ut av leiren og ikkje koma inn att