16 Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.
17 Du skal ikkje vrengja retten for innflyttarar og farlause og ikkje ta kleda til ei enkje i pant.
18 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå. Difor byd eg deg å gjera dette.
19 Når du haustar inn kornet på åkeren din og gløymer eit kornband der, skal du ikkje gå tilbake og henta det. Innflyttaren, den farlause og enkja skal ha det. Då vil Herren din Gud velsigna deg i alt arbeidet ditt.
20 Når du slår ned oliven, skal du ikkje plukka greinene reine etterpå. La innflyttaren, den farlause og enkja få det som er att.
21 Når du haustar vinmarka di, skal du ikkje sanka dei druene som heng att. La innflyttaren, den farlause og enkja få dei.
22 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt. Difor byd eg deg å gjera dette.