5. Mosebok
Kapitler 24:19-22
Bibelen 2011 Nynorsk
19 Når du haustar inn kornet på åkeren din og gløymer eit kornband der, skal du ikkje gå tilbake og henta det. Innflyttaren, den farlause og enkja skal ha det. Då vil Herren din Gud velsigna deg i alt arbeidet ditt.
20Når du slår ned oliven, skal du ikkje plukka greinene reine etterpå. La innflyttaren, den farlause og enkja få det som er att.
21Når du haustar vinmarka di, skal du ikkje sanka dei druene som heng att. La innflyttaren, den farlause og enkja få dei.
22Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt. Difor byd eg deg å gjera dette.