1 Om to menn ligg i tvistemål, skal dei møtast for retten, som skal ta saka opp til dom. Dei skal frikjenna den som har rett, og dømma den som er skuldig.
2 Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal dommaren la han leggja seg ned, og medan dommaren ser på, skal dei gje mannen så mange slag som svarar til skulda han ber.
3 Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, blir landsmannen din ærelaus i dine auge.
4 Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.
5 Om brør bur saman og ein av dei døyr utan å ha fått nokon son, skal enkja hans ikkje gifta seg med ein utanfor slekta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og gjera si plikt som svoger ved å ta henne til kone.
6 Den første sonen ho føder, skal bera vidare namnet til broren som er død, så namnet ikkje blir utsletta i Israel.
7 Men dersom mannen ikkje har lyst til å ta svigerinna si til ekte, skal ho gå til dei eldste i byporten og seia: «Svogeren min nektar å oppfylla svogerplikta si og føra vidare namnet til bror sin i Israel. Han er ikkje villig til å ta meg til kone.»