12 Då skal du hogga handa av henne. Vis inga medkjensle.
13 Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme tunge og somme lette.
14 Du skal ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite.
15 Du skal ha rette vektlodd og eit rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
16 Herren din Gud avskyr alle som gjer urett på denne måten.
17 Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg undervegs då de drog ut frå Egypt.
18 Dei overraska deg på vegen då du var utsvelt og utmatta. Utan frykt for Gud hogg dei ned baktroppen, alle som hadde vorte liggjande etter.