5. Mosebok
Kapitler 25:5-11
Bibelen 2011 Nynorsk
5 Om brør bur saman og ein av dei døyr utan å ha fått nokon son, skal enkja hans ikkje gifta seg med ein utanfor slekta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og gjera si plikt som svoger ved å ta henne til kone.
6Den første sonen ho føder, skal bera vidare namnet til broren som er død, så namnet ikkje blir utsletta i Israel.
7Men dersom mannen ikkje har lyst til å ta svigerinna si til ekte, skal ho gå til dei eldste i byporten og seia: «Svogeren min nektar å oppfylla svogerplikta si og føra vidare namnet til bror sin i Israel. Han er ikkje villig til å ta meg til kone.»
8Då skal dei eldste i byen kalla mannen til seg og tala han til rette. Held han fast på sitt og seier at han ikkje vil ta henne til kone,
9skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og svara han: «Slik gjer ein med den mannen som ikkje vil byggja huset til bror sin.»
10Sidan skal dei kalla slekta hans «Berrfot-slekta» i Israel.
11Det kan henda at to landsmenn kjem i slagsmål. Kona til den eine kjem til for å redda mannen sin frå han som slår. Ho retter ut handa og grip han om kjønnsdelane.