6 Den første sonen ho føder, skal bera vidare namnet til broren som er død, så namnet ikkje blir utsletta i Israel.
7 Men dersom mannen ikkje har lyst til å ta svigerinna si til ekte, skal ho gå til dei eldste i byporten og seia: «Svogeren min nektar å oppfylla svogerplikta si og føra vidare namnet til bror sin i Israel. Han er ikkje villig til å ta meg til kone.»
8 Då skal dei eldste i byen kalla mannen til seg og tala han til rette. Held han fast på sitt og seier at han ikkje vil ta henne til kone,
9 skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og svara han: «Slik gjer ein med den mannen som ikkje vil byggja huset til bror sin.»
10 Sidan skal dei kalla slekta hans «Berrfot-slekta» i Israel.
11 Det kan henda at to landsmenn kjem i slagsmål. Kona til den eine kjem til for å redda mannen sin frå han som slår. Ho retter ut handa og grip han om kjønnsdelane.
12 Då skal du hogga handa av henne. Vis inga medkjensle.