11 Same dagen gav Moses folket dette påbodet:
12 Når de har gått over Jordan, skal desse stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin.
13 Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.
14 Levittane skal ta ordet og seia med høg røyst til kvar einaste israelitt:
15 Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.
16 Forbanna er den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.
17 Forbanna er den som flytter grensesteinar mellom seg og nesten sin! Og heile folket skal seia: Amen.