13 Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.
14 Levittane skal ta ordet og seia med høg røyst til kvar einaste israelitt:
15 Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.
16 Forbanna er den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.
17 Forbanna er den som flytter grensesteinar mellom seg og nesten sin! Og heile folket skal seia: Amen.
18 Forbanna er den som fører ein blind på feil veg! Og heile folket skal seia: Amen.
19 Forbanna er den som vrengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.