15 Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.
16 Forbanna er den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.
17 Forbanna er den som flytter grensesteinar mellom seg og nesten sin! Og heile folket skal seia: Amen.
18 Forbanna er den som fører ein blind på feil veg! Og heile folket skal seia: Amen.
19 Forbanna er den som vrengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.
20 Forbanna er den som ligg med kona til far sin, for han har teke kappefliken til far sin bort frå henne. Og heile folket skal seia: Amen.
21 Forbanna er den som ligg med dyr! Og heile folket skal seia: Amen.