5. Mosebok
Kapitler 27:4-10
Bibelen 2011 Nynorsk
4 Når de kjem over Jordan, skal de på Ebal-fjellet reisa desse steinane slik eg byd dykk i dag, og du skal stryka kalk på dei.
5 Der skal du byggja eit altar for Herren din Gud, eit altar av stein. Bruk ikkje meisel på dei!
6Altaret for Herren din Gud skal du byggja av steinar som ikkje er hogne til. På det skal du bera fram brennoffer for Herren din Gud.
7Så skal du ofra fredsoffer og eta der og gleda deg for Herren din Guds andlet.
8Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle orda i denne lova.
9Moses og levittprestane tala til heile Israel: «Ver stille! Høyr, Israel! Denne dagen har du vorte Herren din Guds folk.
10Ver lydig mot Herren din Gud og hald boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag.»