10 Då skal alle folk på jorda sjå at Herrens namn er ropa ut over deg, og dei skal frykta deg.
11 Herren skal gje deg rikeleg av det som godt er, av frukt av ditt morsliv og frukt av din buskap og frukt av ditt åkerland, på den jorda Herren med eid lova fedrane dine å gje deg.
12 Herren skal opna sitt rike forrådskammer, himmelen, for deg. Han skal la landet få regn i rett tid og velsigna alt dine hender gjer. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna.
13 Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du koma høgare, aldri lågare, så sant du lyder boda til Herren din Gud som eg gjev deg i dag, så du held dei og gjer etter dei.
14 Du må ikkje vika av frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, korkje til høgre eller venstre, ikkje følgja andre gudar og ikkje dyrka dei.
15 Men om du ikkje vil lyda Herren din Guds røyst, ikkje held alle boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag, og ikkje gjer etter dei, då skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:
16 Forbanna er du i byenog forbanna ute på marka!