5. Mosebok
Kapitler 28:26-32
Bibelen 2011 Nynorsk
26Lika av dykk skal bli til føde for alle fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal jaga dei.
27 Herren skal slå deg med verkebyllar som i Egypt, med svullar, skabb og skurv som ikkje lèt seg lækja.
28Herren skal slå deg med galskap, blindskap og vilske.
29Midt på dagen skal du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.Du skal ikkje lukkast på din veg. Du blir undertrykt og utplyndra dag etter dag, og det er ingen som hjelper.
30 Bind du deg til ei kvinne, skal ein annan mann valdta henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det. Plantar du ei vinmark, får du ikkje ta henne i bruk.
31Oksen din skal slaktast medan du ser på, og du får ikkje eta kjøtet. Eselet ditt skal røvast beint for auga dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.
32Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit anna folk. Du skal sjå etter dei og lengta heile tida, men fåfengt, for du er maktlaus.