28 Herren skal slå deg med galskap, blindskap og vilske.
29 Midt på dagen skal du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.Du skal ikkje lukkast på din veg. Du blir undertrykt og utplyndra dag etter dag, og det er ingen som hjelper.
30 Bind du deg til ei kvinne, skal ein annan mann valdta henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det. Plantar du ei vinmark, får du ikkje ta henne i bruk.
31 Oksen din skal slaktast medan du ser på, og du får ikkje eta kjøtet. Eselet ditt skal røvast beint for auga dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.
32 Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit anna folk. Du skal sjå etter dei og lengta heile tida, men fåfengt, for du er maktlaus.
33 Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp grøda frå jorda di og det du har vunne med alt ditt strev. Du blir berre undertrykt og trakka på, dag etter dag.
34 Du kjem til å mista vitet av det synet du får sjå.