3 Velsigna er du i byenog velsigna ute på marka!
4 Velsigna er frukta av ditt morsliv,frukta av ditt åkerlandog frukta av din buskap,det som blir fødd av storfe,og det som kjem til av småfe!
5 Velsigna er di korg og ditt bakstetrau!
6 Velsigna er du når du går inn,og velsigna er du når du går ut!
7 Når fiendane går på deg, skal Herren gjera det slik at du vinn over dei. Kjem dei mot deg på éin veg, skal dei rømma for deg på sju.
8 Herren skal gje påbod om velsigning over deg og di matbu og over alt ditt arbeid. Ja, Herren din Gud skal velsigna deg i det landet som han gjev deg.
9 Dersom du held boda frå Herren din Gud og går på hans vegar, vil Herren gjera deg til sitt heilage folk, slik han med eid har lova deg.