31 Oksen din skal slaktast medan du ser på, og du får ikkje eta kjøtet. Eselet ditt skal røvast beint for auga dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.
32 Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit anna folk. Du skal sjå etter dei og lengta heile tida, men fåfengt, for du er maktlaus.
33 Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp grøda frå jorda di og det du har vunne med alt ditt strev. Du blir berre undertrykt og trakka på, dag etter dag.
34 Du kjem til å mista vitet av det synet du får sjå.
35 Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde verkebyllar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl.
36 Herren skal føra deg og den kongen du set over deg, bort til eit folkeslag som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, stokk og stein.
37 Der skal du bli eit skremsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.