5. Mosebok
Kapitler 28:38-44
Bibelen 2011 Nynorsk
38 Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta, for grashoppene et det opp.
39Vinmarker skal du planta og dyrka, men vin får du verken drikka eller lagra, for makken et dei opp.
40Oliventre skal du ha overalt i landet ditt, men du får ikkje salva deg med olje, for olivenfrukta fell ned.
41Søner og døtrer skal du få, men dei skal ikkje høyra deg til, for dei må gå i fangenskap.
42Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.
43Innflyttaren som bur hos deg, skal koma høgare og høgare over deg, men du skal koma lågare og lågare.
44Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal bli hovud og du hale.