39 Vinmarker skal du planta og dyrka, men vin får du verken drikka eller lagra, for makken et dei opp.
40 Oliventre skal du ha overalt i landet ditt, men du får ikkje salva deg med olje, for olivenfrukta fell ned.
41 Søner og døtrer skal du få, men dei skal ikkje høyra deg til, for dei må gå i fangenskap.
42 Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.
43 Innflyttaren som bur hos deg, skal koma høgare og høgare over deg, men du skal koma lågare og lågare.
44 Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal bli hovud og du hale.
45 Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfølgja deg og nå deg att til du blir utrydda, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.