47 Fordi du ikkje tente Herren din Gud av eit godt hjarte, i glede over all di overflod,
48 må du tena fiendane som Herren sender mot deg, og vera svolten, tørst og naken og mangla alt. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rydda deg ut.
49 Herren skal senda over deg eit folkeslag frå det fjerne, frå enden av jorda, som ei stupande ørn, eit folk med eit språk som du ikkje forstår,
50 eit folkeslag med harde andlet, som ikkje tek omsyn til dei gamle og ikkje er nådig mot dei unge.
51 Dei skal eta opp frukta av buskapen din og frukta av åkerlandet, til du blir utrydda. Dei lét verken korn, ny vin eller fin olje vera att til deg, verken det som blir fødd av storfe, eller det som kjem til av småfe. Dei held fram til dei har utrydda deg.
52 Dei skal omringa deg i alle byane dine, til dei styrtar ned, dei høge festningsmurane som du set di lit til overalt i landet ditt. Dei skal omringa deg i alle byane i heile landet som Herren din Gud gjev deg.
53 Og i trengsla og nauda som fienden fører over deg, skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene som Herren din Gud har gjeve deg.