56 Og den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvd å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho er, skal ikkje unna sin eigen mann, son sin eller dotter si
57 etterburden som kjem ut mellom beina på henne, eller borna ho har fødd. Fordi ho manglar alt, skal ho eta det i løynd, i den trengsle og naud som fienden lét koma over deg i byane dine.
58 Dersom du ikkje trufast følgjer kvart ord i denne lova som er skriven i denne boka, og ikkje fryktar dette ærerike og skremmande namnet, Herren din Gud,
59 då skal Herren senda ufattelege plager over deg og etterkomarane dine, veldige plager og vonde sjukdomar som ingen ende vil ta.
60 Han skal igjen senda over deg alle farsottene frå Egypt som du gruar deg for, og dei skal bli hangande ved deg.
61 Også alle sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, heilt til du blir utrydda.
62 Berre ein liten flokk skal bli att av dykk som før var talrike som stjernene på himmelen. For du lydde ikkje Herren din Gud.