65 Blant desse folkeslaga skal du aldri få ro og aldri finna kvile for din fot. Der skal Herren gje deg eit uroleg hjarte, eit sviktande syn og eit motlaust sinn.
66 Livet ditt skal hanga i ein tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt.
67 Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjartet ditt, og så fælsleg er det du får sjå.
68 Herren skal føra deg på skip tilbake til Egypt, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de by dykk fram til sal for fiendane dykkar som slavar og slavekvinner, men ingen vil kjøpa.