13 Ved dette skal han i dag gjera deg til sitt folk, og han sjølv vil vera din Gud, som han har sagt deg, og slik han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.
14 Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta, med dei forbanningar som høyrer til,
15 men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Guds andlet, og med dei som enno ikkje er saman med oss.
16 De veit sjølve at vi budde i Egypt, og at vi drog fram gjennom landa til dei folkeslaga de måtte dra forbi.
17 De såg det motbydelege som var hos dei, gudebileta deira av stokk og stein, sølv og gull.
18 Det må ikkje finnast nokon iblant dykk, mann eller kvinne, familie eller stamme, som i dag vender hjartet sitt bort frå Herren vår Gud for å gå og dyrka gudane blant desse folkeslaga. Det må ikkje finnast iblant dykk noka rot som det skyt giftplanter og malurt opp frå,
19 ingen som når han høyrer forbanningsorda, velsignar seg sjølv i hjartet sitt og seier: «Fred skal vera med meg, sjølv om eg følgjer mitt sjølvrådige hjarte.» Då øydelegg han både det vassrike og det tørre landet.