20 Herren vil ikkje tilgje ein slik mann: Herrens vreide og sjalusi skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nedskrivne i denne boka, skal kvila over han, og Herren skal utsletta namnet hans under himmelen.
21 Herren skal skilja han ut frå alle Israels stammar og slå han med ulukke etter alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.
22 Komande slekter, borna som veks opp etter dykk, og framande som kjem frå fjerne land, skal sjå dei plagene som har råka dette landet, og dei sjukdomane Herren har sendt over det:
23 svovel og salt, heile landet avsvidd så det kan ikkje såast, bli grønt eller noko strå kan veksa der, slik det var då Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim vart øydelagde, dei som Herren i sin vreide og harme la øyde.
24 Då skal dei seia og alle folkeslag spørja: «Kvifor har Herren fare slik åt med dette landet? Kvifor denne store vreiden?»
25 Og dei skal få til svar: Fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut frå Egypt.
26 Dei gjekk av stad og dyrka andre gudar og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei.