3 Med eigne auge såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera.
4 Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk hjarte til å forstå, auge til å sjå og øyre til å høyra.
5 Eg førte dykk i ørkenen i førti år. Kleda de hadde på, vart ikkje utslitne, og heller ikkje skorne du hadde på føtene.
6 De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk, for at de skulle skjøna at eg er Herren dykkar Gud.
7 Så kom de til denne staden. Sihon, kongen i Hesjbon, drog ut til strid mot oss saman med Og, kongen i Basan, men vi slo dei.
8 Vi tok landet deira og lét rubenittane og gadittane og halve Manasse-stammen få det til eige.
9 Legg då vinn på å leva etter orda i denne pakta, så skal de ha framgang i alt de gjer.