7 Så kom de til denne staden. Sihon, kongen i Hesjbon, drog ut til strid mot oss saman med Og, kongen i Basan, men vi slo dei.
8 Vi tok landet deira og lét rubenittane og gadittane og halve Manasse-stammen få det til eige.
9 Legg då vinn på å leva etter orda i denne pakta, så skal de ha framgang i alt de gjer.
10 De står i dag alle saman framfor Herren dykkar Guds andlet, stammehovdingane, dei eldste og tilsynsmennene dykkar, kvar mann i Israel,
11 småborna og kvinnene dykkar og innflyttaren som held til i leiren din, både han som høgg ved og han som ber vatn for deg.
12 Du skal no gå inn i pakta med Herren din Gud som Herren din Gud gjer med deg i dag, med dei forbanningar som høyrer pakta til.
13 Ved dette skal han i dag gjera deg til sitt folk, og han sjølv vil vera din Gud, som han har sagt deg, og slik han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.