1 Så snudde vi og drog oppover vegen mot Basan. Kongen i Basan, Og, tok ut med heile hæren sin for å møta oss til strid ved Edre'i.
2 Men Herren sa til meg: «Ver ikkje redd han! Eg gjev både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon.»
3 Så overgav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi slo han og lét ingen overleva.
4 Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje nokon by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket til Og i Basan.
5 Alle byane var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei mengd med landsbyar.
6 Vi slo byane med bann og utsletta dei, slik vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by utsletta vi, både menn, kvinner og born.