10 Vi tok alle byane på sletta, heile Gilead og heile Basan, med Salka og Edre'i, to byar i riket til Og i Basan.
11 Kong Og i Basan var den einaste av refaittane som var att. Senga hans står enno hos ammonittane i Rabba. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål.
12 Den gongen då vi tok dette landet, gav eg området frå Aroer ved Arnon-elva og halvparten av fjellandet i Gilead med byane der til rubenittane og gadittane.
13 Resten av Gilead og heile Basan, riket til Og, gav eg til den eine halvparten av Manasse-stammen. Heile Argob-området og heile Basan vart kalla refaittlandet.
14 Ja'ir, son til Manasse, tok heile Argob-området, heilt til grensa mot gesjurittane og maakatittane. Han gav Basan namn etter seg sjølv og kalla det Ja'irs teltbyar, og så heiter det den dag i dag.
15 Eg gav Gilead til Makir.
16 Til rubenittane og gadittane gav eg landet frå Gilead til Arnon-elva, slik at grensa gjekk midt i elva, og til Jabbok-elva, som er grense mot ammonittane;