5. Mosebok
Kapitler 3:17-23
Bibelen 2011 Nynorsk
17 dessutan Araba-sletta med Jordan som grense frå Kinneret-sjøen til Araba-sjøen, det vil seia Saltsjøen, ved foten av Pisga-liene i aust.
18 Den gongen gav eg dykk dette påbodet: «Herren dykkar Gud har gjeve dykk dette landet i eige. Krigarar! Væpna til strid skal de alle kryssa elva føre brørne dykkar, israelittane.
19Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk.
20Først når Herren har late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei òg har teke det landet som Herren dykkar Gud vil gje dei på den andre sida av Jordan, kan de fara heim att, kvar til sin eigedom som eg har gjeve dykk.»
21Samstundes gav eg Josva dette påbodet: «Med eigne auge har du sett alt det som Herren dykkar Gud har gjort med desse to kongane. Det same vil Herren gjera med alle dei kongerika du skal gå igjennom.
22 Ver ikkje redd dei! For Herren dykkar Gud vil sjølv slåst for dykk.»
23 Den gongen bad eg inderleg til Herren: