5. Mosebok
Kapitler 3:26-29
Bibelen 2011 Nynorsk
26 Men for dykkar skuld vart Herren harm på meg og ville ikkje høyra på meg. Herren sa til meg: «Det er nok. Snakk ikkje meir til meg om dette!
27 Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend auga dine mot vest og nord og sør og aust. Sjå deg omkring! For du skal aldri koma over Jordan.
28 Gjev oppdraget til Josva og gjer han modig og sterk! For det er han som skal føra dette folket over Jordan. Det landet du no ser, skal han gje dei til eige.»
29Så slo vi oss til der i dalen, midt imot Bet-Peor.