5. Mosebok
Kapitler 3:3-9
Bibelen 2011 Nynorsk
3Så overgav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi slo han og lét ingen overleva.
4Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje nokon by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket til Og i Basan.
5Alle byane var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei mengd med landsbyar.
6 Vi slo byane med bann og utsletta dei, slik vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by utsletta vi, både menn, kvinner og born.
7Men all buskapen og hærfanget frå byane tok vi med oss.
8Såleis tok vi den gongen landet frå dei to amorittkongane austafor Jordan, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet.
9Det er det fjellet som folket i Sidon kallar Sirjon og amorittane Senir.