6 Vi slo byane med bann og utsletta dei, slik vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by utsletta vi, både menn, kvinner og born.
7 Men all buskapen og hærfanget frå byane tok vi med oss.
8 Såleis tok vi den gongen landet frå dei to amorittkongane austafor Jordan, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet.
9 Det er det fjellet som folket i Sidon kallar Sirjon og amorittane Senir.
10 Vi tok alle byane på sletta, heile Gilead og heile Basan, med Salka og Edre'i, to byar i riket til Og i Basan.
11 Kong Og i Basan var den einaste av refaittane som var att. Senga hans står enno hos ammonittane i Rabba. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål.
12 Den gongen då vi tok dette landet, gav eg området frå Aroer ved Arnon-elva og halvparten av fjellandet i Gilead med byane der til rubenittane og gadittane.