1 Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til deg i hjartet ditt ute blant alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til,
2 og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og lyder hans røyst i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine,
3 då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Herren din Gud vil på nytt samla deg frå alle dei folka han har spreidd deg ut iblant.
4 Om du så er driven bort til enden av himmelen, skal Herren din Gud samla deg derifrå, og derifrå skal han henta deg.
5 Herren din Gud vil føra deg til det landet fedrane dine tok, og du skal ta det på nytt. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå meir talrik enn fedrane dine.
6 Herren din Gud skal omskjera hjartet ditt og hjartet til etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel, slik at du skal få leva.