11 Desse boda som eg gjev deg i dag, er verken uforståelege eller langt borte.
12 Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan få høyra dei og leva etter dei?»
13 Dei er heller ikkje på andre sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»
14 Nei, ordet er deg heilt nær, i munnen din og i hjartet ditt, så du kan leva etter det.
15 Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde.
16 Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud og går på hans vegar og held hans bod, forskrifter og dommar, då skal du leva og bli talrik. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.
17 Men om hjartet ditt vender seg bort og du ikkje lyder, men lèt deg riva med og tilbed andre gudar og dyrkar dei,