4 Om du så er driven bort til enden av himmelen, skal Herren din Gud samla deg derifrå, og derifrå skal han henta deg.
5 Herren din Gud vil føra deg til det landet fedrane dine tok, og du skal ta det på nytt. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå meir talrik enn fedrane dine.
6 Herren din Gud skal omskjera hjartet ditt og hjartet til etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel, slik at du skal få leva.
7 Herren din Gud vil leggja alle desse forbanningane på fiendane dine og på dei som hatar og forfølgjer deg.
8 Då skal du venda om og lyda Herrens røyst og halda alle boda hans som eg gjev deg i dag.
9 Gjennom alt du gjer, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av alt det som godt er, gjennom frukta av ditt morsliv og frukta av din buskap og frukta av ditt åkerland. For Herren vil atter gleda seg over deg til beste for deg, slik som han gledde seg over fedrane dine,
10 så sant du lyder Herren din Gud og held boda og forskriftene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile din hug.