19 Skriv no ned denne songen, og lat israelittane læra han! Legg songen i munnen på dei, så han kan vera mitt vitne mot israelittane.
20 No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og er vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å forakta meg og bryta mi pakt.
21 Når dei då blir ramma av mange ulukker og stor naud, skal denne songen stå som vitne framfor dei, for etterkomarane deira skal ha han på leppene og aldri gløyma han. For eg kjenner planane deira som dei alt no lagar seg, før eg fører dei inn i landet eg med eid lova dei.
22 Same dagen skreiv Moses ned denne songen og lét israelittane læra han.
23 Og Herren sa til Josva, son til Nun: «Ver modig og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.»
24 Då Moses hadde skrive ned denne lova i ein bokrull, frå først til sist,
25 gav han levittane, som ber Herrens paktkiste, dette påbodet: