21 Når dei då blir ramma av mange ulukker og stor naud, skal denne songen stå som vitne framfor dei, for etterkomarane deira skal ha han på leppene og aldri gløyma han. For eg kjenner planane deira som dei alt no lagar seg, før eg fører dei inn i landet eg med eid lova dei.
22 Same dagen skreiv Moses ned denne songen og lét israelittane læra han.
23 Og Herren sa til Josva, son til Nun: «Ver modig og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.»
24 Då Moses hadde skrive ned denne lova i ein bokrull, frå først til sist,
25 gav han levittane, som ber Herrens paktkiste, dette påbodet:
26 Ta denne lovboka og legg henne ned ved sida av paktkista til Herren dykkar Gud. Der skal ho liggja som eit vitne mot deg.
27 For eg veit kor trassig og stivnakka du er. Alt no medan eg lever iblant dykk, har de vist trass mot Herren. Kor mykje meir når eg er død!