11 Lik ei ørnsom får ungane til å flyga frå reiretog svevar over dei,slik breidde han ut sine venger,greip han og bar han på vengene.
12 Herren åleine leidde han,ingen framand gud var hos han.
13 Han lét han ri fram over høgdene i landetog lét han eta av grøda på åkeren,suga honning frå bergetog olje frå steinharde fjellet,
14 gav han rømme frå buskapen,mjølk frå småfe og feitt frå lam,av Basan-vêrar og bukkar,og nyrefeittet av kveiten.Drueblod drakk du, skummande vin.
15 Jesjurun vart feit og spente bakut;du vart feit, du vart tjukk og stinn.Han vraka Gud, som hadde skapt han,og vanvørde frelsesfjellet.
16 Dei gjorde han sjalu med framande gudar,gjorde han rasande med det avskyelege.
17 Dei ofra til ånder som ikkje er gudar,til guddomar dei ikkje kjende,nye gudar som nyst var komne,gudar fedrane dykkar ikkje visste om.