2 Lat mi lære risla som regn,min tale drypa som dogg,som regnskurer på grøne enger,som regndropar over alt som gror.
3 Herrens namn vil eg forkynna,gje vår Gud ære!
4 Berget, fullkome er hans verk,for hans vegar er alltid dei rette.Ein trufast Gud, utan svik,rettferdig og rettvis er han.
5 Dei sveik han med si vonde ferd,dei som ikkje er hans born,ei trulaus og rangsnudd slekt.
6 Er det slik de løner Herren,du dumme, fåvise folk?Er han ikkje din far og skapar?Han forma deg og held deg oppe.
7 Kom dei eldgamle dagar i hug,gjev akt på åra frå slekt til slekt!Spør far din, lat han fortelja deg,spør dei gamle, lat dei gje deg svar.
8 Då Den høgste gav folkeslaga landog skilde menneska frå kvarandre,sette han grenser mellom folkaetter talet på Israels søner.