21 Dei gjorde meg sjalu med gudar som ikkje er gudar,med avgudar gjorde dei meg rasande.Så vil eg gjera dei sjalu med eit folk som ikkje er eit folk,med eit uvitug folkeslag gjer eg dei rasande.
22 For i min harme har eg tent ein eld,han brenn til djupaste dødsriket.Han øyder jorda og grøda hennarog set grunnvollen under fjella i brann.
23 Eg vil la ulukker hopa seg opp om deiog bruka opp pilene mine mot dei.
24 Kraftlause blir dei av svolt,tærest av pest og farleg sott.Eg sender mot dei ville dyr med skarpe tennerog giftige ormar som kryp i støvet.
25 Ute gjer sverdet barnlaus,inne drep redslabåde ung gut og jente,spedbarn og gråhåra mann.
26 Eg tenkte: «Eg skal knusa dei,viska ut minnet deira blant menneske.»
27 Men eg vart redd for at fiendane skulle krenkja meg,at motstandarane deira ville mistyda detog seia: «Vår eiga hand er lyft,det var ikkje Herren som gjorde alt dette.»