5. Mosebok
Kapitler 32:26-32
Bibelen 2011 Nynorsk
26Eg tenkte: «Eg skal knusa dei,viska ut minnet deira blant menneske.»
27 Men eg vart redd for at fiendane skulle krenkja meg,at motstandarane deira ville mistyda detog seia: «Vår eiga hand er lyft,det var ikkje Herren som gjorde alt dette.»
28Dei er eit folk utan råd som duger,eit folk utan innsikt.
29Var dei vise, skjøna dei detteog visste kvar det bar.
30 Korleis kan éin mann jaga tusenog to slå ti tusen på flukt,om ikkje deira fjell har selt deiog Herren har gjeve dei opp?
31For deira berg er ikkje som vårt,det kan fiendane våre dømma om.
32 For vinstokken deira stammar frå Sodomaog frå terrassane i Gomorra.Druene deira er giftige,drueklasane beiske.